Bakgrunn
KS og FHI fremja i nasjonal rådsmodell hausten 2022 behovet for å organisere ein heilskapleg og samla innsats i arbeidet med å styrkje digital helseberedskap. Som følgje av dette etablerte Direktoratet for e-helse eit samarbeidsorgan for aktørane med utgangspunkt i styringsgruppa for koronaporteføljen.
Samansetning
Samarbeidsorganet skal bestå av faste medlemmer og leiast av Helsedirektoratet. 
Aktørane skal stille med personar med god innsikt i digital helseberedskap.  Medlemmene skal representere aktøren sin i møta, og har eit ansvar for å forankre tilrådingane til samarbeidsorganet i eiga aktørgruppe.
Følgjande aktørar er representerte i samarbeidsorganet:
| Navn | Virksomhet | 
| Siv Ingebrigtsen | Helsedirektoratet | 
| Trine Orten Groven | Folkehelseinstituttet | 
| Helen Brandstorp | Helsedirektoratet | 
| Terje Wistner | KS | 
| Frank-Ivar Aarnes | Helse Sør-Øst RHF | 
| Bodil Rabben | Norsk helsenett SF | 
| Anne-Lise Härter | Apotekforeningen | 
| Maren Heldahl (Observatør) | Statsforvalteren i Oslo og Viken | 
Dette samarbeidsorganet kan også brukast i helsekriser. Leiinga og rapporteringsveg må i desse tilfella definerast så snart mogleg etter at krisa har oppstått.
Mandat
Mandat til samarbeidsorganet for digital helseberedskap (PDF).
Møter
Samarbeidsorganet møtest ca. 6 gonger i året.