Innføring av HPV-test til yngre vil førebygge fleire krefttilfelle 

Om lag 300 kvinner vart ramma av livmorhalskreft i 2022. Foto: Mostphotos.

Først publisert: 28.06.2023 Siste faglige endring: 28.06.2023

Frå 1. juli 2023 vil alle kvinner som deltek i det nasjonale screeningprogrammet mot livmorhalskreft (Livmorhalsprogrammet), altså kvinner mellom 25 og 69 år, bli testa for HPV.  

Artikkelen er 2 år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Det betyr at det er slutt på celleprøver (cytologisk vurdering av livmorhalsprøva) for kvinner i alderen 25 - 33 år kvart tredje år. Med HPV-test til alle, kan Livmorhalsprogrammet endrast til at kvinnene tek test kvart femte år. Grunnen til at ein kan vente fem år mellom kvar gong ein deltek i screening, er fordi risikoen for å utvikle alvorlege celleforandringar er minimal når ein ikkje påviser HPV.  

Humant papillomavirus (HPV) er årsaka til dei aller fleste tilfelle av livmorhalskreft.  

– Ein HPV-test gjer at kvinner som er HPV-positive, kan få påvist alvorlege celleforandringar tidlegare. Innføringa kan redusere talet på krefttilfelle i aldersgruppa 25 - 33 år med opp til 44 tilfelle av dei rundt 50 - 70 tilfella vi har i denne aldersgruppa per år, seier Trude Andreassen. Ho er leiar i styringsgruppa for dei nasjonale kreft-screeningprogramma i Helsedirektoratet.     

Førebygger fleire krefttilfelle 

Ein HPV-test er ein meir følsam og sikker metode for å finne HPV-infeksjonar samanlikna med det ein celleprøve-analyse er for å finne celleforandringar. 

HPV-testen fangar opp kvinner som treng vidare oppfølging og eventuell behandling tidlegare.   

– HPV er eit svært vanleg virus og dei aller fleste som er seksuelt aktive har ein eller fleire  HPV-infeksjonar i løpet av livet. Med HPV-testing vil derfor mange få beskjed om at dei har fått påvist HPV. I dei  aller fleste tilfella vil immunforsvaret til kroppen nedkjempe HPV-infeksjonen og eventuelle celleforandringar. Kvinner som får påvist HPV via screening, vil få tilpassa oppfølging.  

– Det er viktig å vere klar over at dei færraste HPV-infeksjonane utviklar seg til livmorhalskreft, og vanligvis tek det 10-15 år før HPV-virus eventuelt utviklar seg til kreft, understrekar Andreassen.     

Viktig å oppsøke legen ved symptom  

Livmorhalsprogrammet er eit screeningprogram for kvinner i alderen 25 – 69 år. Med screening er målet å oppdage kvinner som treng oppfølging og behandling.  Det er viktig å vere klar over at ein må oppsøke lege dersom ein får symptom i underlivet, uavhengig av når ein testa seg sist og kva prøvesvaret viste.  

Sjølv om HPV-test er meir følsom enn cellprøve, er ikkje testen egna til å utreie kvinner med symptom. Ved symptom, må kvinna gå til gynekologisk utreiing.   

Symptom som ein må vere obs på kan vere:  

  • blødingar etter samleie  

  • vedvarande smerter i underlivet  

  • blodig eller illeluktande utflod  

  • vedvarande smerter i korsryggen  

  • uregelmessige blødingar fra underlivet   

Kan nærast utrydde livmorhalskreft  

I Noreg var det om lag 300 livmorhalskreft-tilfelle i 2022.  

– Dette talet jobbar vi for å redusere. Målet er å nærast utrydde livmorhalskreft i løpet av dei neste tiåra, seier Andreassen. 

Livmorhalskreft kan bli nedkjempa ved hjelp av blant anna tre effektive tiltak:   

  • HPV-vaksinasjon som blir tilbode alle norske jenter og gutar som del av Barnevaksinasjonsprogrammet 

  • deltaking i Livmorhalsprogrammet

  • behandling av oppdaga og alvorlege celleforandringar 

– Med dei tre tiltaka, saman med god etterleving av tilrådingane, kan vi nærme oss målet om å utrydde livmorhalskreft. Ved å tilby HPV-testing også til dei yngste kvinnene kan ein framskunde dette, avsluttar Trude Andreassen.  

I tillegg blir det jobba med fleire andre tiltak som for eksempel auka oppmøte til Livmorhalsprogrammet, HPV heimetesting samt bruk av kunstig intelligens og persontilpassa oppfølging etter deltaking i Livmorhalsprogrammet. 

  

Abonner på nytt eller oppdatert innhold